Eg tenkjer så tidt
Bakgrunn:
Litt usemje om kor den eigentleg er frå, men mange meiner den er frå aust i Aust-Agder ein plass.
Dansemåte:
Kvilesteg. På siste kvilesteg før brigde snur guten seg mot jenta.
Brigde: (på «Tra ra di rullan dei» osb.) Jente og gut tek høgre tommelfingergrep og dansar eit byttomfotsteg sidelengs frå kvarandre. Jenta ut av ringen og guten inn. Bytt om til venstre tommelfingergrep og dans eit byttomfotstegsidelengs mot kvarandre. Ta så saman med dobbelt tommelfingergrep (v. i v. – h. i h.) og dans rundt ein gong medsols på 4 hoppsteg. Gjenta hele brigde.
Tekst:
Eg tenkjer så titt på min brullupsdag
tra di ra di rullan dei
om den skal bli på ein uværsdag
tra di ra di rullan dei
Tra ra di rullan dei, tra ra di rullan dei
tra di ra di ra di ra di rullan dei
tra ra di rullan dei, tra ra di rullan dei
tra di ra di rullan dei
2. Ka ska eg seie når presten spør
om eg har hatt nokon kjæraste før
3. Då skal eg seie som sannheten er
at eg har elsket (med) nokon og ein hver
Recent Comments